Nytt kassesystem på klubbhuset

No blir det endå enklare å få kjøpt seg noko godt i kiosken!

I sigeren over Gjerdsvika/Larsnes/Gursken, som enda 3-2 på onsdag, var det eit særs godt oppmøte på Hasundgot stadion. Det skal gjestande frå Sande ha mykje honnør for, men uansett om ein heiar på heimelaget eller bortelaget på kampar framover er det stor grunn til jubel.

Hasundgot IL er glade for å informere om at vi har no fått eit nytt kassesystem på klubbhuset, som gjer at det vert endå enklare å kjøpe seg noko kaldt eller varmt i kiosken.

Ein kan både bruke kort, kontant eller til og med ta i bruk Vipps-appen som betalingsmetode. Då vert det enkelt og greitt for alle partar.

OBS: For kioskpersonale ber vi om at de set dykk inn i dette informasjonsheftet, ettersom det er viktig for rekneskapet sin del at alle transaksjonar blir registrert som kort- eller kontantsal.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.