22. juni: Hasundgot kunstgras stengd fram til klokka 18:30

Viktig melding til alle som nyttar anlegget på Hasundgot!

I samband med barnehagen si sommaravslutning i kveld, 22. juni, vil Hasundgot kunstgras vere stengd i tidsromdet 16:00 – 18:30. I denne perioden vil det ikkje vere mogeleg å trene på banen.

I høve banekalenderen er det G13 og J14 som har treningstider i dette tidsintervallet, og desse laga har fått beskjed om dette på førehand.

Laga som har trening frå 18:30 og utover kan trene som normalt.

Dersom ein ønskjer å trene før klokka 18:30 i dag, så er der også ein ballbinge eller ein flott bakke å springe i ved sida av fotballnanlegget 🙂