Lars Breiviks trenar før vårsesongens siste kamp.
1. Ny kamp på onsdag mot Sæbø. Kva kan vi forvente av Hasundgot til denne kampen?
Eg trur vi kan vente eit heiltend Hasundgot-lag, dette er ein kamp vi har lyst å vinne. Vinn vi denne så har vi ei viss kontakt med teten – taper vi kan vi vere langt bak og ha lite å spele for til hausten. Også det at Sæbø ikkje he tapt på heimebane på årevis er ein god motivasjon.
2. Kva veit du om motstandaren?
Vi spelte to kampar mot dei i fjor og eg såg dei mot Hødd3. Det som er den store styrka deira er duellstyrke, rutine og veldig effektive spissar. Elles er dei ganske ordinære og det må vi prøve å utnytte. Dei lagar mykje mål og slepp inn mykje mål, så her er mogelegheiter for å straffe dei!
3. Kva inngang kjem Hasundgot til å ha på onsdag?
Vi må prøve og vere godt organiserte defensivt, og so ta dei på raske overgongar og utnytte sjansane våre.
4. Korleis trur du kampbiletet kjem til å bli?
Det blir nok mange duellar som vi må vere med på. Eg synest vi har blitt betre der. Og så kjem det nok til å vere Sæbø som klinkar ballen opp til to gode spissar. Eg har eit håp om at vi skal klare å få tempo på spelet vårt og ha ei god rytme, då kan vi vere gode.
5. Korleis ser kamptroppa ut – skadar, suspensjonar, utilgjengelege, nye inn i troppa?
Vi stiller vel ganske sterkt. Jørgen og Svein er ikkje med, men elles er alle friske og raske. Vi har også fått tilgang på ein ny spelar, Markus Skeide, som eg trur skal styrke oss defensivt. Han verkar å vere ein som kan gå i «krigen» – og det treng vi.
Tropp: Joakim Rødven, Arve Vestnes, Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Marius Muren, Markus Skeide, Ruben Muren, Nicolai Molvær, Joakim Skarbø, Sebastian Kleven, Marius Vartdal, Mats Bigset, Sander Gjerde, Daniel Muren, Cato Veien
KAMPFAKTA:
Sæbø – Hasundgot
Sæbø kunstgras
Avspark: 18:30
Dommar: David Fiskaa (Spjelkavik IL – Fotball)