3. august 2021

G12: Snudde tap til siger i 2. omgang

Ein solid snuoperasjon såg G12 snu tap til siger etter pause.

I ein tøff bortekamp i Tjørvåg tysdag kveld gjekk Hasundgot til pause på stillinga 2-1 til heimelaget. Då vart spelarane einige om å «brette opp erma» i pausen – og var samde om å verkeleg gi gass i 2. omgang 💪

Det gav også stor utteljing.

Hasundgot tok kommandoen og snudde 1-2 til imponerande 5-2. Ifølgje rapportane kunne også sigeren ha vore endå større, ettersom Hasundgot small ballen i stolpane/tverrleggjaren 8-9 gonger.

Ein storstilt snuoperasjon, som naturlegvis sette stemninga i taket i Hasundgot-leiren.

Hasundgot-laget: Isak H Spjutøy, Aron Sivertstøl, Adrian Lundekvam, Sander Djupvik Strømberg, Tobias Fjørtoft, Adrian Bergo Vattøy, Endre Støylen, Elias Ringstad Åsmo, Roger Vågane, Jonatan Nedrelid, Nikodemus Gardshol, Bjørn Oscar Moldskred