G19: Spelar om opprykk mot Brattvåg

Viktig kamp for juniorane i kveld.

Vårsesongen hittil har vore fenomenal for G19 i år. På sine fem kampar har dei vunne alle, og ligg på andreplass i 3.-divisjon – skild på målforskjell med serieleiar Brattvåg.

Dei to topplaga møtest i siste og avgjerande seriekamp i kveld, måndag, og med siger over laget frå Haram vil juniorane rykke opp til 2.-divisjon til hausten.

Sidan Brattvåg har målskilnaden på si side, er Hasundgot avhengig av å vinne kampen for å ta tabelltoppen. Vi håper derfor at så mange som mogeleg har høve til å ta turen til Hasundgot kunstgras i kveld for å heie fram laget til siger! Avspark er 18:30.

Topp tre vår 2017:

# Lag K H B Total P
V U T Mål V U T Mål V U T Mål Diff
1 Brattvåg 5 3 0 0 8-3 2 0 0 28-2 5 0 0 36-5 31 15
2 Hasundgot 5 2 0 0 23-8 3 0 0 13-5 5 0 0 36-13 23 15
3 Spjelkavik 2 6 1 1 1 9 10 2 0 1 21-9 3 1 2 30-19 11 10