Det blei ingen avdelingssiger i vårsesongen, etter at Brattvåg cruisa inn til opprykk.
Både Hasundgot G19 og Brattvåg hadde vunne alle kampane sine før dei møttest til seriefinale måndag kveld. Hasundgot måtte vinne for å ta avdelingssiger i vårsesongen, medan Brattvåg kunne klare seg med uavgjort.
Og det var gjestene frå Haram som trakk det lengste strået. Hasundgot fekk ein verst tenkjeleg start på kampen då dei sleppte inn eit mål etter nokre få spelte minutt.
Nicolai Haddal Molvær utlikna nokså kjapt etter leiarmålet, men så rakna det fullstendig for Joakim Skarbøs lag. Brattvåg gjorde som dei ville. Til pause stod det heile 7-1 til bortelaget.
Utover i andre omgang vart det venteleg ein god del jamnare, men med eit nytt baklengsmål endte det til slutt 8-1 til Brattvåg.
Hasundgot forblir derfor på 2.plass i avdelinga. Det vart derfor ikkje direkte opprykk denne gongen, sjølv om det er mogeleg å leggje inn ønskje til kretsen om å rykkje opp.
Etter kampen var derimot stemninga at ein halvsesong til i 3.-divisjon vil vere ein god og lærerik utviklingsarena for eit nokså ungt juniorlag.
Ny junioravdeling blir fastsett av Sunnmøre fotballkrets i nærmaste framtid.