Gamal kjenning returnerer til klubben

Hasundgot har signert «ny» spelar.

Vi er svært glade for å ønskje Markus Skeide velkomen tilbake i Hasundgot til sin andre periode i klubben!

Etter å ha vore med på trening dei siste par vekene har ulsteinvikaren signert på nytt for Hasundgot IL. Markus kom først til Hasundgot i 2010, etter at han hadde spelt for aldersbestemte lag i Hødd. 24-åringen flytta så til Bergen for å studere – der han også spelte for klubbane BI BIS og Trott.

Sidan Markus no har flytta tilbake til heimelge trakter for å ta fatt på arbeidslivet, freista det med ein overgang tilbake til gamleklubben. Overgangspapira vart signerte og sende inn i førre veke. Papirarbeidet er no i ordet, og forsvarsbautaen er også inkludert i troppen som møter Sæbø på onsdag.

Markus, som både kan spele midtstoppar, back og midtbane, har i dag 56 kampar for a-laget og har scora eitt mål.