Hasund klar for Hasunds Hund FK

Hasundgotar har meld overgang til anerkjend klubb i Bergen.

Etter å ha spelt i aldersbestemte klasser i Hasundgot IL, gjekk Hallbjørn Hasund Thorseth til Hødd for å prøve lykken der – også i aldersbestemt fotball. Han returnerte seinare til a-lagsfotball for Hasundgot, der han i løpet av 2014-sesongen spelte ni kampar og teikna seg på scoringslista tre gonger.

Den, då, eksplosive angriparen har ikkje spelt offisiell fotball sidan 2014, men har no meld overgang til klubben Hasunds Hund FK som held til i Bergen.

Dette er ein klubb som tuftar namnet sitt på ein annan Hasund, nemleg Geir Hasund som spelte for Brann siste halvdel av 1990-talet.

Etter seks spelte serierundar ligg HHFK sitt 11’ar-lag 3.-plass i 6.-divisjon avdeling 4 i Hordalands fotballkrets, med 12 poeng. Sjuarlaget har teke ni poeng på sine fire første kampar denne sesongen, og ligg på ein 6.-plass i avdeling 1.

Vi ønskjer Hallbjørn lykke til i ny klubb!

//platform.twitter.com/widgets.js