J10: Knallgod innsats på Seljecup!

Sjølv om dei nesten regna vekk, hadde Jenter 10 ei flott turnering i Selje.

Søndag var Hasundgots Jenter 10 på tur til Selje for å delta på Seljecup. Sjølv om det vart ei våt oppleving nokre knepp lenger sørvest, vart det ei strålande turnering for jentene – og lagleiarane/trenarane.

I fire knallgode kampar vart det tre sigrar og eitt uavgjort, som jentene sjølvsagt var veldig glade over – og fornøgde med ein kanongod innsats.

Lagleiar, trenarar og foreldra var også stolte over at jentene gjorde sitt beste, og at mange fekk teikna seg på scoringslista i løpet av turneringa. Det viktigaste er å ha det gøy, og det ser det verkeleg ut som at dei hadde også! ⚽️👍

Slik gjekk det i kampane under turneringa:

* Hasundgot – Tornado Måløy blå 6-3
* Spjelkavik – Hasundgot 3-3
* Tornado Måløy rød – Hasundgot 0-4
* Selje – Hasundgot 2-5

På ferjekaia i Årvik greidde ein også å samle heile laget inn i ein telefonkiosk! Ein herleg gjeng dette, altså 🙂

Bilete frå turneringa:

[Best_Wordpress_Gallery id=»22″ gal_title=»Aldersbestemt_seljecup_20170611″]

Bileta er innsendt av Lisbet Overå.