Storsiger til Hasundgot-jentene i siste kamp før ferien.
I løpet av våren har Hasundgot J11 spelt sju kampar, og i seks av desse har det endt med siger. Det siste i denne rekkja kom mot Tjøvåg måndag 12. juni mot Moltustranda. Då vart det heile 18-2 til Hasundgot!
Det einaste tapet i vår kom mot Hødd, som etter ein jamn og god kamp vant 5-3. Men neste gong satsar vi på at det blir Hasundgot som vinn! 🙂
I tillegg dektok J11 i april på Tafjord Cup på Blindhiem. Også der var det mange gode resultat å ta med seg inn i sommarferien. Der spelte dei fire kampar – og vant alle!
Lagleiar Hilde Karin Haddal Storflor skryt av både jentene og av trenarteamet.
– J11 består av elleve flotte og kjekke jenter som har det artig ilag. Trenarane Per Gustavsen og Stig Haugland gjer ein kjempeflott jobb, skriv Hilde Karin til oss.
No ventar ein velfortent ferie for J11, som heilt sikkert gler seg igjen til ein minst like spanande haustsesong.
Biletserie frå J11 sin vårsesong:
[Best_Wordpress_Gallery id=»23″ gal_title=»Aldersbestemt_J11_Vaarsesong»]