16. september 2021

Økonominemnda arrangerte lynlotteri

Åtte heldige personar vant eit gåvekort kvar hos Napoli Pizzeria Ulsteinvik.

Onsdag kveld arrangerte Økonominemnda dugnad gjennom eit lynlotteri i Hasund og Dimna krins. I tidsromet mellom klokka 18.00 – 20:30 stilte G12 og G13 opp til dyst, og selde lodd i roder innanfor krisen.

Til denne dugnaden var det 17 positive gutar som møtte fram – med nokre foreldre som var sporty og stilte opp som sjåførar.

Premien som loddkjøparane kunne vinne var eit gåvekort på Napoli Pizzaria i Ulsteinvik. Trekninga vart gjort like etter rodene var gjennomførte.

Leiar for økonominemnda, Torill Haddal, synest det er kjekt at så positive gutar stiller opp, og ønskte også å takke dei for innsatsen.

– Vi vil også takke Napoli Ulsteinvik for sponsinga, legg Haddal til.

Vinnarane av lynlotteriet:

  • Arne Georg Storflor
  • Gunn Røren Sundgot
  • Andrè Tødenes
  • Lene Bjåstad
  • Ida og Amalie Lauvstad
  • Madelen Gustavsen
  • Monica Gustavsen
  • Åse Eidem

Gratulerer til alle vinnarane!