Kampens første scoring mot Åheim/Stadt kom som eit stort sjokk for dei aller fleste.
Etter å ha vunne myntkastet, fekk Hasundgot høve til å starte oppgjeret på Åheim gras. Det var akkurat det vi trong for å «kick-starte» kampen på perfekt vis.
Rett frå avspark vart ballen slått direkte i bakrom. Det såg først ut til at ballen skulle humpe over dødlinja, men ein iherdig innsats av omskolerte Sebastian Moldskred Kleven sørgja for at ballen smatt forbi keeper. Eit sjokkert publikum kunne knapt tru det dei såg, og det stod 1-0 til Hasundgot etter berre 6-7 sekund!
Det er rett nok eit lite stykke unna verdsrekorden til Marc Burrows på 2,5 sekund frå reservelagskampen mellom Cowes Sports og Eastlight i 2004. Eit liknande tilfelle skjedde også Nardo 2 scora etter tre sekund mot Freidig, men på norsk eliteserie er rekorden i dag på 11 sekund – då Erik Mjelde scora for Brann mot Haugesund.
Kanskje scoringa likevel kjem i kategorien «raskaste scoring i Sunnmøre Fotballkrets»?
Tilbake til Vanylven, så var Sebastian ein konstant trussel for heimeforsvaret, og hadde fleire gode løp der han herja rundt slik han ville. Etter nokre gode avslutningar skulle til slutt mål nummer to kome. Ei svak pasning frå Åheims venstreback vart snappa opp, og klinisk framfor målet sette Sebastian inn 2-0. Då var det spelt om lag ein halvtime.
I starten av 2. omgang vart det ei noko seig opning av Hasundgot, og vertane reduserte til 1-2 tidleg i omgangen. Det gav akkurat det sparket bak vi trong, for kort tid etter auka vi leiinga etter eit glimrande angrep.
Innbytar Daniel Rokseth Skeide dansa seg fri på venstreflanken og la ein perfekt ball inn i feltet. På bakarste stolpe kom motsatt ving, Jørgen Kleiven, i fullt firsprang og sette kontant inn 3-1.
Midtstoppar Simon Spjutøy fastsette så sluttresultatet til 4-1 ti minutt seinare, etter at han raga høgast i feltet på eit hjørnespark og nikka inn ballen. Servitør var ingen ringare enn Nicolai Haddal Molvær.
Etter tre strake uavgjortkampar på utebane var det endeleg godt å kjenne smaken av sigeren igjen. No står det tre svært viktige kampar igjen før ferien; først mot Vartdal førstkomande onsdag, før Moltustranda og Sæbø står for tur.

KAMPFAKTA
6.-div, avd.2
Åheim/Stadt – Hasundgot 1-4 (0-2)
Åheim gras
Mål: 1-0 Sebastian M. Kleven, 2-0 Sebastian, 3-1 Jørgen Kleiven, 4-1 Simon Spjutøy
Dommar: Birger Breivik, Volda TI
Laget (4-5-1): Joakim Rødven – Martin Ødegård, Simon Spjutøy, Arve Vestnes, Marius Muren – Daniel Muren, Nicolai H. Molvær, Joakim Skarbø, Mats Bigset, Jørgen Kleiven – Sebastian M. Kleven
Innbytarar: John Olav H. Hatløy, Daniel R. Skeide, Runar Vattøy