Sjokkstart enda i braktap

Nok ein gong sjokkerte Hasundgot motstandaren frå start, men kampen snudde fort.

For nokre veker sidan gjekk det knappast nok 6-7 sekund for Hasundgot tok leiinga 1-0 over Åheim. I kveld vart det nesten same oppskrift då (igjen) Sebastian Moldskred Kleven sjokkerte Sæbø.

Det tok om lag 17 sekund, og så stod det 0-1 til Hasundgot. Scoringa kom etter at vi slo langt opp på høgresida, og etter å ha motteke ballen inne i 16-meteren skrudde «Seb» ballen inn i det lengste hjørnet.

Men sett bort frå leiarmålet, vart det ein tung kveld i vårsesongens siste kamp.

Sæbø er eit lag som er svært sterke på dødball, og ikkje lenge etter leiarmålet utlikna vertane på Sæbø kunstgras etter eit innkast frå si høgreside. Snuoperasjonen var komplett då eit frispark blei svinga over muren og inn i det nærmaste hjørnet.

Då miste Hasundgot litt piffen, og Sæbø gjekk opp til 5-1 før sidebytet.

I solsteiken ønskte Lars Breivik og gutane å gjere eit heiderleg forsøk på å berge inn eit toleleg resultat i andre omgang, men eit kjapt innkast tok Hasundgot på senga og Sæbøs spiss pirka ballen forbi ein utrusande keeper.

Nicolai Haddal Molvær reduserte til 2-6 etter eit fint angrep, der vi rulla opp på høgresida, men det ville seg slett ikkje bakover. To nye scoringar rann inn, og Sæbø gav seg ikkje før audmjukinga var komplett på heile 8-2. Det var deira nest største siger så langt denne sesongen.

Vårsesongen vart derfor konkludert på eit nokså skuffande vis, og ein ser at det er mykje å rette opp til hausten. Forhåpentlegvis kan ei sommarpause gi ny giv igjen til august.

* OBS: Nykomaren Markus Skeide re-debuterte for Hasundgot i denne kampen. Etter å ha starta kampen som defensiv midtbane, avslutta han kampen som midtstoppar Thomas Gjerde måtte bytast ut etter ein kraftig smell i hovudet. Etter å ha heldt ut på innbytarbenken i andre omgang reiste THomas rett til legevakta for kontroll.

KAMPFAKTA
6.div, avd. 2
Sæbø – Hasundgot 8-2 (5-1)
Sæbø kunstgras
Mål: Sebastian M. Kleven 1-0, Nicolai H. Molvær 2-6
Dommar: David Fiskaa, Spjelkavik IL

Laget (4-5-1): Joakim Rødven – Arve Vestnes, Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Marius Muren – Sebastian M. Kleven, Nicolai H. Molvær, Markus Skeide, Ruben Muren (K), Daniel Muren – Joakim Skarbø

Innbytarar: Mats Bigset, Marius Vartdal, Cato Veien