23. oktober 2021

Slo tilbake to gonger mot Vartdal

Men det blei berre med det eine poenget mot tabellnaboen.

Sjølv om enno ikkje hadde vunne på bortebane så langt i år, var det slett ingen «walk in the park» når dei blåkledde kom på besøk.

I starten av 1. omgang verka det ikkje som at ting stemte for Hasundgot, og etter halvspelt omgang førte ei uheldig felling i straffefeltet til at Vartdal fekk ta leiinga frå 11-metersmerket.

Det målet stod seg også til pause, og laga gjekk til pause med ei fullt fortent leiing til gjestene.

Men – som i kampen mot Åheim (denne gongen i 2. omgang) – gjekk Hasundgot rett ut av startblokkene, og i løpet av 2. omgangs første speleminutt stod det 1-1 på måltavla. Scoringa kom etter at juniorspelar Daniel Skeide sprang seg fri på venstrekanten og slo inn i feltet. Der fann han sin namnebror, med etternamn Muren, og nikka inn utlikninga.

Det blåste nytt liv i kampen, men utan å få til dei heilt store sjansane offensivt kom til slutt baklengs nummer to. På eit innkast følgde Hasundgot ikkje heilt med, og Steffen Roth smatt seg gjennom. 2-1 til Vartdal.

Berre 7-8 minutt seinare var derimot utlikning nummer to ein realitet, då Sebastian Kleven banka til frå distanse. Ballen fauk inn i nærmaste, og sørgja samstundes for at laga igjen var like langt.

Ingen av laga makta å finne vinnarmålet, og delte poenga broderleg seg i mellom. Det betyr dessverre at etter åtte spelte kampar har Hasundgot berre to sigrar. Halvparten av kampane har enda i poengdeling, medan dei to siste har enda i tap.

Kanskje kan ei veke med «kampfri» gjere susen, slik at vi får terpe på viktige ting på treningsfeltet fram mot oppgjeret mot Moltustranda 21. juni…

KAMPFAKTA
6.-div, avd. 2
Hasundgot – Vartdal 2-2 (0-1)
Hasundgot kgb
Ca. 30 tilsk.
MÅL: 0-1 Fredrik Roth (22), 1-1 Daniel Muren (46), 1-2 Steffen Roth (71), 2-2 Sebastian Kleven (79)
Dommar: Håkon Risbakk Seljen (Herd)

Laget (4-5-1): Joakim Rødven – Martin Ødegård, Simon Spjutøy, Arve Vestnes, Marius Muren – Daniel Muren, Mats Bigset, Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Daniel Skeide – Sebastian Kleven

Innbytarar: Kim Hansen, John Olav Hatløy, Ruben Muren, Runar Vattøy, Svein Eirik Ertesvåg, Marius Vartdal