Trenar Lars Breivik gir siste nytt inn mot årets fjerde bortekamp.
Ny kamp på fredag mot Åheim/Stadt. Kva kan vi forvente av Hasundgot til denne kampen?
No har vi tapt klart for to av topplaga, spelt uavgjort mot dei nest beste og vunne ein kamp mot Gjerdsvika – som er i klasse med oss.
No står det eit «botnlag» for tur og då forventar eg seier, men eg trur ikkje vi vinn viss vi går på bana utan ei skikkeleg innstilling. Vi er nok ikkje betre enn at visst vi ikkje yt maksimalt, og er tente på oppgåva, så kan det bli vanskeleg. Vi hadde vel eit liknande tilfelle i kampen mot Tjørvåg, der vi nok undervurderte dei.
Kva veit du om motstandaren?
Eg veit lite, berre det eg kan lese meg til i referata frå kampane deira. Tendensen ser ut til å vere at dei er dårleg trente og at dei blir betre og betre til fleire kampar dei spelar.
Dei taper kampane sine mot slutten, men hengjer tydelegvis bra med tidleg i kampen, så det blir no viktig å stå kampen ut for vår del.
Kva inngang kjem Hasundgot til å ha på fredag?
Vi har hittil hatt som mål å køyre hardt ut frå start. Dette har vi berre delvis lykkast med. Mot Bergsøy og Åmdal var vi gode frå start og tok leiinga, for å so dette ihop og tape. Eg vil at vi skal gå litt forsiktig ut, få kontroll defensivt og heller ta litt meir sjansar etter kvart som kampen skrid fram.
Vi vel å prøve ein litt annen formasjon, den tredje for året, og det er fordi vi ønsker å bli tryggare defensivt. Men elles må vi no ta dei moglegheitene vi får og prøve å bli meir effektive, for vi slit med å få mål.
Korleis trur du kampbiletet kjem til å bli?
Eg trur nok at vi møter eit lag som har lyst å endeleg ta ein siger, så dei går nok ut i hundre. Då blir det viktig for oss å halde unna til dei får rast frå seg; og so ta meir og meir over.
Vi har eit lag som bør, og kan, spele god fotball, vi må berre få det ut i form av mål. Og det trur eg skal lykkast no. Elles er det no første kampen på gras i år. Det tek vel litt tid å venne seg til det også.
Korleis ser kamptroppa ut – skadar, suspensjonar, utilgjengelege, nye inn i troppa?
Vi stiller eit bra lag. Thomas Gjerde, som nok er vår beste duellspelar, blir ikkje med, men ellers er vi vel alle. Kim Hansen blir heller ikkje med, so nokon skade på keeper kan vi ikkje få! Elles så har eg som mål å få med fleire juniorar, slik at dei får begynt å prøve seg. Det blir nok ein ny debutant denne kampen også, håper eg.
Troppa blir nok slik: Joakim R, Martin Ø, Arve, Simon, Marius M, Runar, Daniel M, Marius V, Nicolai, Ruben, Jørgen, Daniel S, Joakim S, Sebastian, Mats, John Olav.
KAMPFAKTA
Åheim/Stadt – Hasundgot
Åheim gras
Avspark: Fredag 2. juni kl. 19.00
Dommar: Birger Elias Breivik, Volda TI