Breiddefotballen har begynt å rulle igjen

Dei fleste avdelingane er igang igjen for haustsesongen.

Herrelaget er inne i si tredje kampveke i haustsesongen, men denne og førre veke har dei fleste andre laga starta haustens seriekampar igjen.

* I går, måndag, spelte G12 heime mot Volda Kvit. Den kampen vann Hasundgot med imponerande 6-2.

* G14 starta allereise førre veke heime mot Tjørvåg/Moltustranda, som enda i 14-0-tap. I kveld spelar dei igjen, denne gongen borte mot Larsnes.

* Også J14 starta opp att kampane i førre veke. Då vart det eit 6-3-tap for Hødd, medan den skal spele mot Ørsta på heimebane førstkomande torsdag.

* Torsdag skal også G13 spele sin første haustkamp. Den blir spelt på heimebane mot Ørsta.

* Juniorlaget startar også opp att etter ferien i kveld. Trenar Joakim Skarbø har takka for seg på grunn av studiar, og med vikartrenar tek dei imot Spjelkavik på Hasundgot stadion i kveld. Spjelkavik kom på plassen bak i fjor, så her er det mykje å spele om! Gjerne ta turen for å støtt opp laget – avspark 18:30 🙂