Før kampen: Hareid 2 (H)

Slik vurderer trenar Lars Breivik møtet med Hareid 2 i lokalderbyet onsdag kveld.

1. Ny kamp på onsdag mot Hareid 2. Kva kan vi forvente av Hasundgot til denne kampen?
Viss vi er skikkeleg innstilte og konsentrerte, slik oss var mot Bregsøy 2 i sist kamp, so kan vi forvente ein god kamp som godt kan bikke vår vei. Kampane mot Hareid 2 er alltid tette og jamne, og det forventer eg også denne gongen. Vi har ikkje tapt mange kamper i år, men har altfor mange uavgjorte kampar der vi har slitt med å bikke det vår vei. Eg trur at vi med samme innstilling som i førre kamp så vil desse kampane gå vår vei.

2. Kva veit du om motstandaren?
Vi har spelt mange kamper mot Hareid 2 siste åra og kjenner dei godt. Dei spelar ein ganske kraftfull og direkte fotball, med spel i bakrom og sterke spissar. Det har dessverre vore ein del stygge episoder i desse kampane, både frå vår side og frå deira side, dette håper eg vi slepp denne gongen.

3. Kva inngang kjem Hasundgot til å ha på onsdag?
Vi vil prøve og konsentrere oss om vårt eige spel, vere «tende» og aggresive, spele tolmodig og slå til når mogelegheitene byr seg. Vi har ein del gode spelarar som kan spele ut kven som helst viss dei er «på».

4. Korleis trur du kampbiletet kjem til å bli?
Det vil nok vere stor innsats frå begge lag, sannsynlegvis jamt og det blir viktig å ta vare på dei sjansane som byr seg.

5. Korleis ser kamptroppa ut – skadar, suspensjonar, utilgjengelege, nye inn i troppa?
Vi stiller eit bra lag. Jørgen er framleis på ferie, Mats og Marius er ute i barselpermisjon. Det same er Cato, men vi stiller ei bra tropp med mange unge framadstormande gutar, ispedd rutinerte ringrever. Kanskje blir det ein debutant eller to også.

KAMPFAKTA
6.divisjon, avd. 2
Hasundgot – Hareid 2
Hasundgot stadion
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL

Avspark: Onsdag 23. aug, 18:30