Full kontroll mot GIL/LGFK

Solid bortesiger på Storøyra gras. 

Hasundgot hadde eit tøft utgangspunkt då vi reiste til Gjerdsvika med berre 13 spelarar (to keeperar og 11 utespelarar). Men ein kan uansett berre bruke elleve spelarar i gangen, og spelarane på banen leverte på solid vis.

Isak Sundgot, som spelte sin første kamp frå start (debut sist mot Hareid 2), slo til rett frå start. Det hadde knapt nok blitt spelte nokre minutt før han vart spelt gjennom i midten.

Spissen drog av keeper og sette ballen kontrollert i det opne buret. Og like etter dobla Isak leiinga etter at han fekk pirka inn 2-0 mellom beina på keeper.

Gjerdsvika svara på eit innlegg rundt halvtimen spelt, men kaptein Ruben Muren sørgja for at stillinga stod 3-1 til pause då han kunne setje inn ein retur.

Rett etter sidebytet var Gjerdsvika kvassast og pressa oss bakover i banen. I ei periode der vi var litt usikre og nølande, slo midtstoppar Ivar Aadland ei krempasning i bakrom som Ruben fekk satt kontant i mål; 4-1!

Det klarte ikkje vertane på Storøyra å svare på. I staden varta Nicolai Molvær opp med eit fantastisk soloraid, og fastsette sluttresultatet til 5-1.

Hasundgot er derfor framleis utan tap i haust, etter tre sigrar og éin uavgjort.

KAMPFAKTA
6.-divisjon, avd. 2
Gjerdsvika/Larsnes/Gursken – Hasundgot 1-5 (1-3)
Storøyra gras
MÅL: Isak Sundgot (x2), Ruben Muren (x2), Nicolai Molvær
Dommar: Ane Serine Dimmen, Volda TI

Laget (3-5-2): Joakim – Simon Spjutøy, Ivar Aadland, Marius Muren – Arve Vestnes, Sebastian Kleven, Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Daniel Skeide – Isak Sundgot Ruben Muren

Innbytarar: Elling Våge, Kim Hansen