God start på haustsesongen

Tre mål og tre poeng i haustens første seriekamp.

Før sommarferien vart eit heller forsmedeleg tap mot Sæbø det siste vi hugsa frå seriefotballen. Det inntrykket ønskte vi å rette opp mot Tjørvåg onsdag kveld.

Då laga møttest i vår vart det poengdeling 1-1, og på heimebane var det ein klar ambisjon om at alle poenga skulle vere igjen på Dimnøya.

Etter ei lengre pause var Lars Henrik Hasund tilbake i kamptroppen – hans første offisielle kamp sidan 4-3-tapet mot Haried 2 i september i fjor.

Og Lars Henrik skulle bli svært så avgjerande. Etter ei pasning i bakrom frå Mats Bigset fekk kaptein Ruben Muren krangla til seg ballen, og inne i feltet storma Lars Henrik inn i Tjørvågs målfelt. Ei kontant avslutning gjekk rett i nota.

Same mann var også sist på ballen litt seinare, då eit avslutningsforsøk frå Ruben vart slått ut igjen i feltet av bortelagets sisteskanse, og på returen var det ingen ingen bønn. 2-0!

Hasundgot verka komfortable både med og utan ball, og heldt kontrollen til pause. I andre omgang sleppte Tjørvåg litt meir til, hovudsakleg på dødballar, men då Nicolai Haddal Molvær fekk pirka inn 3-0 var det game-set-match.

Tjørvåg klarte ikkje å svare, og vi drog i land ein godkjent kamp – sjølv om vi totalt sett ikkje var fantastiske gjennom alle 90 minutt. Det var i alle fall viktig å få i gang hjula etter sommarferien, i ein ny 3-5-2-formasjon.

PS: Det var også kjekt for Ivar Andrè Aadland som fekk debuten sin!

KAMPFAKTA
6.-divisjon, avd. 2
Hasundgot – Tjørvåg 3-0 (2-0)
Hasundgot kunstgras
Mål: Lars Henrik Hasund (2), Nicolai Haddal Molvær
Dommar: Richard Olsen, Åmdal

Laget (3-5-2): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Ivar Andrè Aadland, Thomas Gjerde – Arve Vestnes, Nicolai Haddal Molvær, Runar Vattøy, Sebastian Moldskred Kleven, Mats Bigset – Lars Henrik Hasund, Ruben Muren

Benken: Kim Hansen, Joakim Skarbø, Svein Eirik Sætre Ertesvåg, Marius Vartdal, Marius Muren, Sander Gjerde, John Olav Hovset Hatløy