Haustsesongen rett rundt hjørnet

Endeleg er seriefotballen snart igang igjen.

Den første halvdelen av 2017-sesongen vart ikkje heilt slik vi hadde sett føre oss etter oppkøyringa i vinter, og med nokre varierande resultat vart det ei særs skuffande avslutning på vårsesongen med eit forsmedeleg 8-2-tap mot Sæbø.

Etter ti spelte kampar vart det 13 poeng, og ein 7.-plass (av 11 lag) på tabellen.

Allereie førstkomande onsdag er det klart for oppstart av den andre halvdelen av årets sesong, og det mot Tjørvåg på Hasundgot kunstgras.

Sist laga møttest var i årets første seriekamp, og den gongen vart stillinga 1-1 etter at Ruben Muren utlikna dryge ti minutt før full tid.

Onsdag håper vi at alle tre poeng blir igjen på Dimnøya, og at vi får ein knallstart på hausten.

Avspark er onsdag 9. august klokka 18:30. Vi sjåast då! 🙂