Juniorlaget med god kontroll på haustens første seriekamp.
I vår var juniorane berre éin kamp å rykke opp til 2.-divisjon, og dei heldt fram den gode forma når dei tok imot Spjelkavik onsdag kveld.
Nicolai Haddal Molvær sette inn to kjappe scoringar etter høvesvis 8 og 10 minutt, før Sander Gjerde auke leiinga med ytterlegare to scoringar før pause.
Sander var derimot langt frå ferdigscora, og klinka like gjerne til med to nye scoringar etter sidebytet – skild av éi scoring av gjestene frå Spjelkavik.
Eit snaut kvarter før full tid auka Elling Haddal Våge leiinga til 7-1, før Spjelkavik reduserte to gonger heilt på tampen.
Hasundgot sikra seg likevel eit godt resultat, og vann kampen 7-3 mot laget som enda på plassen bak dei i vår. Neste test for juniorane er måndag 28. august når dei reiser til Ellingsøya.
Troppen:
1 Sebastian Rise Rogne
2 Erik Hatløy
3 Amund Aglen
4 Simon Haddal Spjutøy
5 Martin Marø Gjerde
6 Sander Nedreberg Gjerde
7 Elling Haddal Våge
8 Sebastian Moldskred Kleven
9 Daniel Muren
10 Nicolai Haddal Molvær
11 Daniel Rokseth Skeide
13 Jonatan Ringstad Dimmen
14 John Olav Hofseth Hatløy
15 Hans Markus Riise Pedersen
16 Aleksander Marø Vågen
17 Ole-Kristian Korsfur Voksø
20 Kristian Sundal