Hareid 2 kom best igang, men Hasundgot kjempa seg inn i kampen igjen.
Kampen fekk ein verst tenkjeleg start for Hasundgots del, ettersom Hareid-spissen Thor-Ove Brekke var svært effektiv og scora to mål i løpet av dei første åtte minutta.
Då tok Hasundgot seg kraftig saman, og etter å ha samla seg reduserte innbytar Lars-Henrik Hasund til 1-2 på eit hjørnespark om lag midtvegs i den første omgangen.
Etter denne scoringa tok vertane på Hasundgot kunstgras meir over oppgjeret, og hadde stort sett kontroll på bortelaget.
Ved pause heldt stillinga seg framleis på 1-2, men rundt timen spelt skrudde tidlegare Hareid-spelar Ivar Aadland inn ei fullt fortent utlikning.
Ingen av laga klarte å finne den avgjerande scoringa, og det enda med poengdeling i lokalderbyet. Ei positiv side ved onsdagens kamp var at to unggutar fekk debuten sin for a-laget. Elling Våge, som har vore i juniorstallen denne sesongen, og Isak Sundgot, som nettopp har kome fra aldersbestemt fotball i Hødd, fekk kome inn på banen mot slutten av kampen. Gratulerer så mykje til begge to! 🙂
Hareid 2 ligg etter kampen framleis to poeng framfor Hasundgot på tabellen, som etter to sigrar og ein uavgjort i haust har klatra opp til ein 5.-plass. Neste veke ventar ein tøff bortekamp på gras når vi reiser inn til Storøyra gras for å bryne oss mot Gjerdsvika/Larsnes/Gursken.
KAMPFAKTA
6.div. avd. 2
Hasundgot – Hareid II 2-2 (1-2)
Hasundgot kunstgras
Ca. 45 tilskodarar
MÅL: 0-1 Thor-Ove Brekke (5), 0-2 Thor-Ove Brekke (8), 1-2 Lars-Henrik Hasund (23), 2-2 Ivar Aadland (60)
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL
Laget (3-5-2): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Ivar Aadland, Marius Muren – Arve Vestnes, Thomas Gjerde, Nicolai Molvær, Ruben Muren, John Olav Hatløy – Sander Gjerde, Daniel Muren
Benken: Kim Hansen, Daniel Skeide, Elling Våge, Isak Sundgot, Svein Eirik Ertesvåg, Lars-Henrik Hasund