Sunnmøre fotballkrets går vekk frå innmelding av resultat via SMS, og går over til App-basert løsying.
I ein notis frå FIKS-support skriv fotballkretsen at det ikkje er mogeleg å sende inn resultat via SMS lenger. Ingensjonen var å halde denne tenesta i live ut sesongen, men det viste seg å ikkje vere mogeleg.
– Viss ein etter 1. juli nyttar seg av innmelding av SMS vil ein ikkje få svar og dette er dessverre den einaste indikasjonen på at resultatet ikkje finn vegen inn i FIKS, skriv SFK i notisen.
Istaden oppmodar Sunnmøre fotballkrets dei som melder inn resultat å gjere dette i mobilappen MinFotball.
SFK legg til at det ikkje er ei optimal løysing, og beklager eventuelle ulemper dette måtte føre med seg.