Sterk bortesiger i Herøy

Kampen bikka begge vegar, men etter ei hektisk avslutning drog vi i land alle tre poenga.

Den nye 3-5-2-formasjonen har så langt fungert bra, og etter 3-0-sigeren over Tjørvåg sist veke var oppskrifta mykje av den same mot Bergsøys andrelag onsdag kveld.

Den første omgangen var ein svært jamn og tett affære, utan altfor mange store sjansar til begge lag. Medan vertane hadde nokre halvskumle forsøk, var Hasundgot svært nære ei scoring på dødball som Bergsøy ikkje fekk klarert.

Det enda derimot mållaust til pause, men mål skulle det så absolutt kome etter sidebytet.

Bergsøy skrudde opp tempoet bittelit i starten av andre omgang, og etter eit velplassert skot tok heimelaget leiinga på Havila stadion.

Det ville likevel ikkje Hasundgot finne seg noko i.

Etter flotte kombinasjonar fekk Ruben Muren sette ballen sikkert i nota åleine med keeper, og snuoperasjonen vart komplett då Sebastian Moldskred Kleven gjorde jobben sjølv og sette inn 2-1.

Daniel Muren fekk auke leiinga til 3-1 etter at innbytaren vart spelt fri av midtbanedirigent Nicolai Haddal Molvær, og då var det om å gjere å tette igjen bakover.

Bergsøy tok derimot seg sjølve i nakken. Litt utur førte til at vi ikkje fekk klarert ein ball utanfor 16-meteren, og innbytar Kjell Edward Johansen Fure fekk banka inn 2-3 inne ved stolperota.

Ikkje lenge etter vart det 3-3, då eit hjørnespark vart stussa inn i målet frå vår eigen spelar.

Dette var likevel dagen for Hasundgot, og sigeren skulle bli med tilbake til Dimnøya. Eit frispark frå vår høgreside vart piska inn i feltet, og rett framfor Bergsøys keeper fekk kaptein Ruben Muren lurt fram pannebrasken og stussa ballen i det opne buret. 4-3!

Det klarte ikkje Bergsøy å svare på, og haustsesongen har starta på perfekt vis med to av to sigrar.

Neste test er lokaloppgjeret mot Hareid 2 neste veke. Den kampen blir spelt på Hasundgot stadion. Vi gler oss allereie!

KAMPFAKTA

6.-divisjon avd. 2
Bergsøy II – Hasundgot 3-4 (0-0)
Havila stadion
MÅL: Ruben Muren (2), Sebastian Moldskred Kleven, Daniel Muren
Gult kort: Sebastian

Laget (3-5-2): Joakim Rødven – Simon H. Spjutøy, Ivar Aadland, Marius Muren – Arve Vestnes, Sebastian M. Kleven, Nicolai H. Molvær, Lars Henrik Hasund, John Olav H. Hatløy – Ruben Muren, Sander Gjerde

Innbytarar: Thomas Gjerde, Daniel R. Skeide, Svein Eirik S. Ertesvåg, Daniel Muren