Det blei ein lang veg heim frå Ellingsøya måndag kveld.
Hasundgot fekk ein god start på hausten med ein storsiger over vårens tabelltrear Spjelkavik sist veke. Måndag var det derimot eit surt tap for Ellingsøy, som rykka ned frå 2.divisjon i vår.
Heimelaget på Nes stadion tok leiinga allereie etter 10 spelte minutt ved Glenn Lorgen. Hasundgot utlikna derimot då Nicolai Haddal Molvær sette ballen i mål rett etter at kampen hadde passert halvtimen.
Leiinga varte derimot ikkje lenge. To kjappe etter høvesvis 38 og 44 minutt gjorde at Ellingsøy leia 3-1 midtvegs.
Lorgen scora sitt andre for kvelden rett før timen, og Elias Hoff fastsette sluttresultatet til 5-1 like før full tid.
Ellingsøy klatrar derfor opp på tabelltopp etter to spelte runder med seks poeng.
På si side får Hasundgot god tid til å leggje inn nokre gode treningsøkter før neste kamp, som er heime mot FK Sykkylven/SIL2 tysdag 12. september. Forhåpentlegvis er det ein revansjelysten gjeng som er klare for å ta tre nye poeng om to veker!
KAMPFAKTA
G19 3.div, haust
Ellingsøy – Hasundgot 5-1 (3-1)
Nes stadion
Dommar: Bertil Niklas Spets, Aalesunds FK
Gule kort (HIL): Jonatan, Ole-Kristian
MÅL: 1-0 Glenn Lorgen (10), 1-1 Nicolai Molvær (32), 2-1 Adrian Sperre (38), 3-1 Johan Nesseth (44), 4-1 Lorgen (58), 5-1 Elias Hoff (84)
Troppen:
1 Sebastian Rise Rogne
2 Erik Hatløy
4 Simon Haddal Spjutøy
5 Martin Marø Gjerde
6 Sander Nedreberg Gjerde
7 Elling Haddal Våge
9 Isak Sundgot
10 Nicolai Haddal Molvær
11 Daniel Rokseth Skeide
13 Jonatan Ringstad Dimmen
15 Hans Markus Riise Pedersen
16 Aleksander Marø Vågen
17 Ole-Kristian Korsfur Voksø
20 Kristian Sundal