Grasrottrenarkursa for hausten er klare

Har du lyst til å skaffe deg formell trenarkompetanse for barne- og ungdomsfotball?

Sunnmøre fotballkrets har nyleg lagt ut kursplanen sin for Grasrottrenarkurs (tidlegare kalla C-lisens). Dette er eit trenarkurs som er sett saman av fire delar, der kvar del 4×4 timar (totalt 64 timar for heile kurset).

Delkursa er organisert slik:

  • Grasrottrenar 1: Barnefotballkurset
  • Grasrottrenar 2: Barnefotball – flest mogeleg med kvalitet
  • Grasrottrenar 3: Mot ungdom – lengst mogeleg
  • Grasrottrenar 4: Ungdom – flest mogeleg – best mogeleg

Delkursa vert organisert på kveldstid eller i helgene, slik at dei aller fleste skal få høve til å delta. Det spelar inga rolla i kva rekkjefølgje ein tek delkursa, men NFF anbefalar å ta delkursa i stigande rekkjefølgje.

I nærleiken av Ulsteinvik vil Hareid IL og Volda TI arrangere høvesvis delkurs tre og fire i løpet av hausten. I tillegg vert det arrangert nokre kurs i Ålesund og omegn.

For meir detaljert kursplan, les sak på Sunnmøre Fotballkrets sine sider.

Om dette er noko for deg, ta kontakt med sportsleg leiar, Joakim Rødven, eller fotballformann Runar Muren.