Hardt tilkjempa siger for juniorane

Etter ein strålande vårsesong har juniorlaget følgd opp med eit svært godkjent haustsesong så langt. Samla sett både i vår og i haust har åtte av ti kampar enda med siger, som absolutt er ein bra prestasjon.

I går, måndag, noterte dei seg for ein hardt tilkjempa 1-0-siger på bortebane mot MSIL, som slo Hjørungavåg 18-3 sist runde. Etter ein solid 2. omgang av Hasundgot kriga Sander Gjerde inn den avgjerande scoringa to minutt før full tid, og sørgja for at alle tre poenga blei med tilbake til Dimnøya frå Mauseidvåg kunstgress.

No bli fokuset å leggje inn ei god treningsveke, for allereie laurdag ventar ein ny tøff bortekamp mot tabelltoar Valder. Dei har slege både MSIL og Ellingsøy, og sistnemnda gav Hasundgot ei tøff oppleving tidlegare i år med ein overlegen 5-1-siger.

Juniortroppa mot MSIL:

1 Sebastian Rise Rogne
2 Erik Hatløy
4 Simon Haddal Spjutøy
5 Martin Marø Gjerde
6 Sander Nedreberg Gjerde
7 Elling Haddal Våge
8 Amund Aglen
9 Isak Sundgot
10 Nicolai Haddal Molvær
11 Daniel Rokseth Skeide
13 Jonatan Ringstad Dimmen
14 John Olav Hofseth Hatløy
16 Aleksander Marø Vågen
17 Ole-Kristian Korsfur Voksø
20 Kristian Sundal


Denne veka er det også andre aldersbestemte kampar for Hasundgot-laga:

  • I kveld, tysdag, spelar G14 heime mot Larsnes.
  • Onsdag spelar G10 borte mot Hareid, G13 spelar borte mot Langevåg Gul, J10 spelar heime mot MSIL Grønn og J11 spelar heime mot Hødd Rosa
  • Torsdag spelar G11 heime mot Hovdebygda.
  • Fredag spelar J14 borte mot tabellnabo Ørsta.