J10: Frukt og «peptalk» snudde kampen

Onsdag kveld var J10 klare for å revansjere eit knipent tap mot MSIL i vårsesongen. Starten på kampen vart derimot ikkje heilt som planlagt, og etter ein omgang litt under pari leia gjestene frå Mauseidvåg/Sula 6-3 til pause.

I pausen sørgja lagets fantastiske lagleiar Lillian for at det vart eit godt energipåfyll med frukt. I tillegg drog trenar André fram ein motiverande peptalk om posisjonar, fokus og vilje til å vinne.

Dei to faktorane førte til at Hasundgot starta 2. omgang med eit brak.

Jentene storspelte på Hasundgot stadion, og gjorde både trenarane, foreldra og dei framøtte Hasundgot-supporterane superstolte!

Etter ein super andreomgang snudde jentene kampen, og sluttresultatet vart 10-7 til Hasundgot. Jentene var naturleg nok strålande glade, men også slitne etter kampen.

Gratulerer med ein flott siger, jenter!