Jenter 6 og 7 år i full sving

I førre veke starta jenter i alderen 6 og 7 år opp si aller første fellestrening. Denne veka var dei i full sving igjen med si andre fellestrening.

Treninga vart leia av Kamilla Skaar Berg, Svein Eirik S. Ertesvåg og Ronny Hoddevik. Desse tre har ansvar for å organisere treningane i starten, og ser gjerne at nokon ønskjer å ta på seg ei rolle som hovudtrenar/lagleiar.

Totalt var det 12 fotballglade jenter som møtte på trening; ei flott treningsgruppe å jobbe med.

Utruleg kjekt å sjå engasjerte spelarar – og ikkje minst trenarar – i full aktivitet på kunstgrasdekket vårt! Stå på jenter! 🙂