Sjølv på ein dag litt under middels, vart det ein komfortabel siger mot samarbeidslaget frå Selje og Vanylven.
Etter ein nokså forsiktig start på kampen frå begge lag, klarte Hasundgot å utnytte ei glippe i bortelagets forsvar. Ei fin pasning i midten fann vegen til Sebastian Kleven – som scora kampens første mål etter halvspelt 1. omgang.
Seks minutt seinare spratt ballen Hasundgots veg, og Ruben Muren fekk plutselig ballen heilt åleine framfor målet til gjestene. Den sette kapteinen sikkert i mål, og trygga med det leiinga til 2-0.
Resten av omgangen vart eit lite publikumsvenleg syn, då Hasundgot ikkje heilt klarte å få spelet til å flyte, medan Åheim/Stadt skapte Svært lite framover.
Litt misfornøgde med eige spel før pause gjekk Hasundgot ut i andre omgang med ein klar ambisjon om å løfte seg litt dei siste 45 minutta.
Det lugga litt offensivt, men fleire scoringar skulle kome.
Ei perfekt vending av spelet av innbytar Jørgen Kleiven fann ein annan innbytar, Svein Eirik S. Ertesvåg, på høgrebacken. Svein svinga inn eit strokent innlegg, som ein tredje innbytar, Sander Gjerde, kunne sikkert setje inn kampens tredje scoring.
To minutt før full tid sette Mats Bigset inn kampens siste mål, etter å ha kasta fram ei lang tå i feltet på ein dødball.
Sjølv om det var fire mål og smultring bakover, var dette nokre steg tilbake frå eit sterkt bortepoeng mot Åmdal sist veke. Det må justerast raskt, for allereie laurdag er det ny kamp borte mot Vartdal.
KAMPFAKTA
6.div, avd. 2
Hasundgot – Åheim/Stadt 4-0 (2-0)
Hasundgot kgb
Ca. 20 tilsk
MÅL: 1-0 Sebastian Moldskred (25), 2-0 Ruben Muren (31), 3-0 Sander Gjerde (79), 4-0 Mats Bigset (88)
Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg IL
Laget (3-5-2): Joakim Rødven –Simon Spjutøy, Ivar Aadland, Marius Muren – Arve Vestnes, Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Sebastian Kleven, Daniel Skeide – Ruben Muren, Isak Sundgot
Innbytarar: Kim Hansen, Svein Eirik S. Ertesvåg, Jørgen Kleiven, Sander Gjerde, Mats Bigset, Runar Vattøy