Påmeldingsfristar for turneringar i haust/vinter

Dei fleste laga har vel ein månad igjen av haustens sesong, i alle fall for utefotballen. På seinhausten og i vinter vil det derimot bli mogeleg å delta på turneringar for innefotball.

For yngre jentelag vil det vere mogleg å delta på Tare Jentefestival i november, medan det for alle lag vil vere mogleg å delta på både Futsal Cup og Futsalserie.

Dersom dette kan vere av interesse, gjeld følgjande påmeldingsfristar:

· 1. oktober – Tare Jentefestival – påmelding via FIKS i Fotballsesongen 2017
· 1. oktober – Futsal Cup – påmelding via FIKS i Inne/vintersesongen 2017/2018
· 10. oktober – Futsalserie – påmelding via FIKS i Inne/vintersesongen 2017/2018

NB! Det er berre FIKS-ansvarlege som kan melde på lag via FIKS! Hugs derfor å gi beskjed til FIKS-ansvarleg dersom du ønskjer å melde på lag. Er du interessert i å melde på lag eit eitt eller fleire av arrangementa over, ta kontakt med sportsleg leiar Joakim Rødven eller fotballformann Runar Muren.