Poendeling på ei tung grasbane

Tre dagar etter ein komfortabel siger mot Åheim/Stadt var det klart for ein ny kamp for a-laget, og denne gongen gjekk turen til Vartdal.

Ei våt og tung grasbane gjorde sitt til at finspelet uteblei, men Hasundgot tok leiinga etter eit godt gjennomspel. På enden av ballen stod ungguten Isak Sundgot, som plasserte sikkert inn 1-0.

Den første halvtimen av kampen hadde Hasundgot eit godt grep på oppgjeret, men i dei siste 10-15 minutta begynte taket å sleppe litt.

Leiinga heldt seg også til pause, men etter kvilen klarte ikkje Hasundgot å kome seg opp at på eit ønskeleg nivå.

Etter å ha blitt pressa litt bakover, kom til slutt utlikninga. Eit uheldig tilbakespel mot keeper vart litt for laust, og i eit forsøk på å få klarert ballen spratt ballen Vartdals favør og inn i nettet bak keeper Joakim Rødven.

Heimelaget fekk litt seinare sjansen til å ta leiinga på eit straffespark, etter dommaren tilsynelatande såg ei holding i feltet på eit hjørnespark…

Straffesparket vart derimot redda av Hasundgots sisteskanse, og heldt dermed kvittrøyene inne i kampen. Det viste seg å bli viktig, for ikkje så veldig lenge etter tok Hasundgot tilbake leiinga.

Etter eit fint oppspel på venstresida, serverte Daniel Skeide eit flott innlegg. Inne framfor målet stod Sebastian Kleven, som med eit litt uortodoks treff utmanøvrerte Vartdals keeper; 2-1!

Leiinga heldt derimot ikkje kampen ut. På eit hjørnespark inne i overtida fekk Vartdal stanga inn kampens andre utlikning, og laga delte poenga broderleg mellom seg.

No blir det ei nokså lang pause for Hasundgot. Neste kamp er ikkje før Moltustranda kjem på besøk onsdag 11. oktober.

KAMPFAKTA
6. div, avd. 2
Vartdal – Hasundgot 2-2 (0-1)
Vartdal stadion
MÅL: Isak Sundgot 0-1, Sebastian Kleven 1-2
Dommar: Harald Jan Ullahamar, Ellingsøy IL

Laget (3-5-2): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Ivar Aadland, Marius Muren – Arve Vestnes, Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Sebastian Kleven, Daniel Skeide – Ruben Muren, Isak Sundgot

Innbytarar: Kim Hansen, Svein Eirik S. Ertesvåg, Jørgen Kleiven, Runar Vattøy, Sander Gjerde