Då laga møttest i motsett oppgjer på Høddvoll i vår, vart det ei broderleg fordeling av poenga. Det vart også tilfellet onsdag kveld i lokalderbyet på Hasundgot kunstgras.
Som i det motsette oppgjeret kom Hødd friskast i gang, og med litt flaks og margin skulle dei få eit lite overtak resultatmessig tidleg i første omgang.
Etter eit hjørnespark landa ballen i «returromet», og ettersom vi ikkje kom tidleg nok opp i press fekk Hødd avslutte på mål. Ballen sneia eit kne på vegen og sette keeper Joakim Rødven ut av spel.
Men så vakna heimelaget. Hasundgot-spissane fekk både ein og to sjansar til å utlikne, men Hødd-keeper Ulrik Sylte fekk avverja. To stolpestreff gjorde også sitt til å gjere jobben vanskeleg, men det skulle losne til slutt.
Etter eit godt forarbeid av Lars Henrik Hasund spelte han uegoistisk til spissmakker Ruben Muren, som enkelt kunne setje inn 1-1. Det vart også pauseresultatet – ettersom Hasund også vart nekta ei scoring som vart avvinka for offside.
Den andre omgangen var det ei lang stillingskrig, der Hasundgot sleppte til Hødds unggutar til nokså få sjansar innleiingsvis. Sjølv om Hasundgot skapte nokre halvsjansar, klarte dei ikkje å true innbytarkeeper Andreas Moldskred.
Mot slutten av kampen tok Hødd meir over initiativet, og skapte 2-3 gode sjansar, men keeper Rødven hadde bestemt seg for å sperre igjen buret i andre omgang.
Det enda derfor med 1-1, eit resultat truleg ingen av laga var spesielt nøgde med. Vi tek likevel med oss noko positivt; etter eit forsmedeleg 8-2-tap mot Sæbø i juni, står Hasundgot med tre sigrar og to uavgjorte.
Vi tek sikte på å vidareføre den statistikken også neste veke. Då møter vi Åmdal som enno ikkje har tapt ein einaste kamp denne sesongen. Det kjem no… 😉
KAMPFAKTA
6.div, avd. 2
Hasundgot – Hødd III 1-1 (1-1)
Hasundgot kunstgras
Ca. 40 tilsk
MÅL: Ruben Muren
Dommar: Birger Breivik, Volda TI
Laget (3-5-2): Joakim Rødven – Arve Vestnes, Simon Spjutøy, Marius Muren – Svein Eirik Ertesvåg, Sebastian Moldskred, Nicolai Molvær, Thomas Gjede, John Olav Hatløy – Lars Henrik Hasund, Ruben Muren
Innbytarar: Kim Hansen, Daniel Skeide, Isak Sundgot, Ivar Aadland, Sander Gjerde