20. oktober 2021

Siste før kampen: Åmdal (B)

1. Ny kamp på onsdag mot serieleiar Åmdal. Kva kan vi forvente av Hasundgot til denne kampen?
Vi kan forvente eit lag som er «tende» på å påføre Åmdal første tap i serien i år. Vi har hatt ein god start på haustsesongen og bør ha god sjølvtillit og ei tryggheit i laget som gjer at vi kan matche dei. Vi har litt få disponible spelara for tida, men dei som er der er gode – så får håpe at ingen vert skada.

2. Kva veit du om motstandaren?
Vi har spelt to kampar mot dei i år og tapt begge, men for å vere ærleg så er eg overraska over at dei har gjort det so bra. Men dei er rutinerte og velorganiserte, så det er nok styrken deira. Dei har ikkje scora særleg meir enn oss, men har slept inn halvparten så mykje…

3. Kva inngang kjem Hasundgot til å ha på onsdag?
Vi må prøve å starte kampen tolmodig og få tryggheit i spelet vårt, spele ball og satse på overgongar. Er det sjansar utover i kampen skal vi prøve å trykke dei litt hardare.

4. Korleis trur du kampbiletet kjem til å bli?
Trur nok det blir jamt, og den som er mest effektiv kjem til å vinne kampen.

5. Korleis ser kamptroppa ut – skadar, suspensjonar, utilgjengelege, nye inn i troppa?
Det er litt lite spelara for tida, men det er også kvalitet på dei som er med. Lars Henrik er litt usikker om han blir med, noko eg håper han kan. Det blir eit ekstra trykk offensivt når han er med. Elles blir ikkje Sander og John Olav med denne gongen.

KAMPFAKTA:

6.div, avd. 2
Åmdal – Hasundgot
Legene kgb
Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy

Tidspunkt:

Onsdag 13. september. Avspark: 18:30