6. mars 2021

Solid lagsiger mot Sykkylven/SIL 2

Etter ein mållaus førsteomgang, gassa Hasundgot på etter sidebytet.

Sjølv om det var to veker sidan sist kamp, der det enda med eit stort tap borte mot Ellingsøy, tok det ikkje lang tid for Hasundgot skape farlegheiter for dei tilreisande frå Sykkylven.

Med FK Sykkylven/SIL 2 på besøk skapte vertane på Hasundgot kunstgras flust av sjansar, men på utruleg vis ville ballen rett og slett ikkje i mål dei første 45 minutta.

2-3 stolpeskot, nokre missar frå kloss hald og nokre redningar frå keeper sørgja for at det stod 0-0 halvvegs.

Eit tidleg baklengsmål gjorde utgangspunktet litt vanskelegare, men kvittrøyene bretta opp erma.

Sebastian M. Kleven utlikna kort tid etter opningsmålet, før Daniel R. Skeide snudde kampen for Hasundgot – etter eit flott innlegg frå høgresida.

Derfra og ut hadde Hasundgot full kontroll på oppgjeret, og to kjappe frå innbytar Sander Gjerde sørgja for ein solid 4-1-siger.

Med ein sjansestatistikk som truleg var på 15-2, kan ein ikkje seie noko anna enn at det var eit rettferdig resultat, i ein kamp som truleg var (litt i overkant?) spanande for dei frammøtte i pjuskvêret.

Etter tre spelte kampar denne hausten står derfor Hasundgot med to sigrar og eitt tap.

KAMPFAKTA

G19, 3.div, haust
Hasundgot – Sykkylven/SIL2 4-1 (0-0)
Hasundgot kunstgras
MÅL: Sebastian 1-1, Daniel 2-1, Sander 3-1, 4-1
Dommar: Tor Henning Andersen

Laget(4-2-3-1): Sebastian Rogne – Erik Hatløy, Simon Spjutøy, John Olav H. Hatløy, Aleksander Vågen – Sebastian Kleven, Nicolai Molvær – Martin Gjerde, Jonatan Dimmen, Daniel Skeide – Isak Sundgot

Innbytarar: Kristian Sundal, Amund Aglen, Hans Markus Pedersen, Ole Kristian Voksø, Sander Gjerde