Før onsdagens oppgjer mot Hasundgot, hadde ikkje Åmdal tapt ein einaste kamp i årets serie. På heimebane hadde dei heller ikkje gitt frå seg nokon poeng. Det skulle derimot endre seg på vi kom på besøk.
Åmdal starta kampen kvassast og skapte nokre farlege sjansar i starten. Utanom to relativt komfortable «takarar» frå Hasundgot-keeper Joakim Rødven, var eit stolpeskot det nærmaste vertane kom scoring i første omgang på Legene kunstgras.
Også Hasundgot hadde sine sjansar før pause, men Åmdal-keeper Torbjørn Sande gjorde sakene sine bra når vi kom til avslutningsmogelegheiter.
Med ein mållaus 1. omgang bak seg, tok Hasundgot litt meir over kampen i starten av siste halvdel. Då skapte vi nokre gode sjansar, men ballen ville rett og slett ikkje forbi keeper Sande.
I staden skulle Åmdal ta leiinga. Etter forarbeid på deira høgreside, fekk heimelaget banka inn 1-0 opp i keepers venstre hjørne etter om lag 62 minutt spelt.
Men med ein fast ambisjon om å få med seg poeng tilbake til Dimnøya, la alle inn ein solid innsats for å i alle fall berge eitt poeng.
Og så, fem minutt før full tid, fekk Ivar Aadland pirka inn utlikninga på eit hjørnespark. Eit fullt fortent scoring til 1-1!
Fleire mål blei det ikkje, og begge lag delte poenga broderleg i ein svært underhaldande kamp som kunne ha gått begge vegar.
Sjølv om målet var å påføre Åmdal deira første tap i denne kampen, skal vi seie oss godt nøgde med å vere det einaste laget som har klart å ta poeng på Legene så langt i år. Og ikkje minst; vi står framleis UTAN tap etter sommarferien, sjølv om vi har møtt tre av dei fire laga som ligg øvst på tabellen (Åmdal, Bergsøy2, Hareid2).
KAMPFAKTA
Åmdal – Hasundgot 1-1 (0-0)
Legene kunstgras
Ca. 30-40 tilskodarar
Mål HIL: 1-1 Ivar Aadland (85)
Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy IL
Laget (3-5-2): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Ivar Aadland, Marius Muren – Arve Vestnes, Sebastian Kleven, Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Daniel Skeide – Ruben Muren, Isak Sundgot
Innbytarar: Kim Hansen, Svein Eirik Ertesvåg, Jørgen Kleiven,