Etter oppstartsmøtet for foreldre denne veka, vart det bestemt å starte opp treningar for 1. og 2. klassingane som ikkje har kome igang med fellestreningar enno.
Tidspunktet for desse fellestreningane vil bli ONSDAGAR klokka 17:30 framover, allereie frå førstkomande onsdag 20. september.
På desse treningane vil det bli lagt til rette for å ha det gøy og spele fotball saman med vener. Hugs at alle må ha med leggskinn, og fotballsko er absolutt anbefalt.
Når vi ser kor mange barn vi har til å danne lag, vil vi sjå korleis inndelinga blir. Vi håper derfor at så mange born som mogeleg ønskjer å ta turen til Hasundgot kunstgras onsdagane klokka 17:30! 🙂