2. august 2021

Før kampen: Sæbø (H)

I kveld, onsdag, er det klart for årets aller siste kamp for seniorlaget. Vi tek imot Sæbø på Hasundgot stadion, og gjestene har alt å spele for. Dei kan sikre seg avdelingssiger om dei skulle ta poeng på Dimnøya. Åmdal er hakk i hel, og vil gå for tre poeng borte mot Hareid 2.

Her er trenar Lars Breiviks siste nytt før kampen i kveld:

1. Ny kamp på onsdag mot serieleiar Sæbø. Kva kan vi forvente av Hasundgot til denne kampen?
Vi har veldig lyst å avslutte sesongen skikkeleg, så tenninga er på topp! Vi har fortsatt ting å spele for, som å halde Hødd3 bak oss – og ikkje minst hemne stortapet som Sæbø påførte oss sist vi møtte dei. Motivasjonen er på plass!

2. Kva veit du om motstandaren?
Vi tapte 8-2 sist oss møtte dei, så oss veit egentleg godt kva som ventar. Utfordringa er å finne gode nok mottrekk. Dei er svært effektive; 99 mål levna ingen tvil om det, og dei har imponerande 66 plussmål. Dei er ikkje imponerande i banespelet, men gjer ting enkelt – ballen blir slått opp og der er dei gode.

3. Kva inngang kjem Hasundgot til å ha på onsdag?
Vi må prøve å bruke våre styrker, som er å få tempo på ballen og prøve å spele dei ut. Vi må unngå duellar, for der er dei overlegne. Så det blir nok bodskapen frå meg, så får vi sjå om vi lykkast med det. Eg meiner at vi er eit bedre lag no enn sist vi møtte dei. Vi har ikkje tapt på ni kampar, næmleg sidan sist vi møtte dei. Vi har slått Bergsøy og spelt jamnt med Åmdal, so eg gleder meg til å sjå kva vi kan klare denne gongen!

4. Korleis trur du kampbiletet kjem til å bli?
Vanskeleg og seie. Eg håper at det blir kamp heilt til slutt. Sist vi møtte dei var kampen avgjort til pause.

5. Korleis ser kamptroppa ut – skadar, suspensjonar, utilgjengelege, nye inn i troppa?
Vi har vel fullt lag. Eit spørsmålstegn ved Ivar som manglar barnevakt, men håper på det beste 🙂


KAMPFAKTA
6.div, avd. 2
Hasundgot – Sæbø
Hasundgot stadion
Dommar: Dag Harald Moldskred, Hareid IL

Avspark klokka 19:00!