3. desember 2021

G19: Kalassiger mot Hjørungavåg

Kampane har kome tett og raskt for juniorane, som allereie sist laurdag spelte bortekamp mot Valder. Den kampen enda med 4-2-tap, så mot Hjørungavåg måndag kveld ønskte gutane å revansjere seg.

Lit uvant ramme rundt kampne med 9ar i staden for 11ar, men det tok ikkje lang tid før opningsmålet skulle kome.

Frå start var det ingen som helst tvil om at Hasundgot var sjefar på Hasundgot kunstgras. Før tre minutt var spelte tok Hasundgot leiinga, og då vart det tut og kjør.

Før pausen scora vertane totalt 14 mål, og heldt samtidig buret reint bakover.

I den andre omgangen vart det ein litt meir rotete kamp, der Hasundgot ikkje heilt fekk til det oppbyggande spelet. Det var slege ein del lange pasningar, i staden for å spele ballen hurtig langs bakken.

Når mål nummer 15 kom losna det litt meir igjen, og gutane kjempa på til det stod 21 mål rett veg. Det vart også eit baklengsmål i sluttminutta – i ein kamp Hjørungavåg måtte avslutte med to mann mindre (som vart vist av banen).

KAMPFAKTA
G19, 3.div
Hasundgot – Hjørungavåg 21-1 (14-0)
Hasundgot kgb
Dommar: Per-Inia Brekke, Hareid IL

Tropp:

Sebastian Rogne, Kristian Sundal; Aleksander Vågen, Ole Kristian Voksø, John Olav Hatløy, Simon Spjutøy, Erik Hatløy; Daniel Skeide, Nicolai Molvær, Jonatan Dimmen, Martin Gjerde, Elling Våge, Amund Aglen, Sebastian Kleven; Sander Gjerde, Isak Sundgot