17. juni 2021

Hasundgot inngår samarbeid med Macron

Hasundgot IL har i ei årrekke hatt Umbro som samarbeidspartner. Denne avtalen varer ut 2017, og idrettslaget har no vald å skrive under ein avtale med ein annan utstyrsleverandør.

Dette er italienske Macron, som vert importert til Noreg av Skandinaviske Sportsimport AS. Avtalen trer i kraft frå og med 01.01.2018.

– Vi vil takke våre kontakter i Umbro for godt samarbeid alle åra vi har hatt saman. Vi vil særskilt takke G-sport Hofseth i Ulsteinvik ved Frode Hofseth og vår tidlegare avtalepartner ScanTrade ved Pål Stadsnes, seier leiar i Hasundgot IL, Bjarte Bergseth.

Bergseth grunngjev valet med å byte ut Umbro med at det mellom anna var ønskjeleg med ei fornying.

– Det er fleire årsaker til at hovudstyret valde å gå over til ny leverandør. Vi ønsker rett og slett ei fornying av kolleksjon, enklare administrering for Hasundgot IL sine frivillige innan materialforvaltning, nettbestilling for medlemmer med gratis leveranse og økonomiske fordelar til både medlemmer og klubb.

Dagleg leiar i Macron Norway/Skandinaviske Sportsimport, Martin Fauskanger, er veldig nøgd med å ha Hasundgot IL med i sin føljetong. I tillegg til fleire fleire storklubbar i utlandet, har Macron også lag som IK Start, Sandefjord, Stabæk og FK Haugesund med på laget.

– Vi er svært glade for å få på plass samarbeidet med ein såpass veldriven og god klubb som Hasundgot. Vi gler oss til å ta fatt på samarbeidet, samt levere kvalitetsutstyr til klubben og medlemmene deira, seier Fauskanger.

I samband med den nye draktleverandøren ønskjer Hasundgot IL også å selje reklameplass på draktene – både til eksisterande samarbeidspartnarar, men også nye som ønskjer å støtte og profilere seg saman med idrettslaget vårt. Ta gjerne kontakt om dette kan vere av interesse!