Sesongen nærmar seg slutten, og onsdag kveld inviterte Hasundgot Moltustranda på besøk til nest siste seriekamp denne sesongen.
Herøyværingane har hatt eit tøft år, med berre fem poeng på 19 kampar før møtet med Hasundgot. Og poengfangsten vart ikkje noko større på Dimnøya.
Allereie i det fjerde speleminuttet utnytta ungguten Isak Sundgot ein retur frå Moltustranda-keeper Ruben Storøy – spissen sette ballen så kontant i målet.
Då fekk Hasundgot den roa og tryggleiken dei ønskte, for den neste halvtimen var av særs høg kvalitet. Isak var på nytt framfor målet i det 13. speleminuttet, og også denne gongen var han klinisk; 2-0!
Midtbanekrigaren Thomas Gjerde skrudde 3-0 fem minutt seinare (til og med frå venstrefoten), før Sundgot sikra seg hat-tricket før halvspelt omgang.
Til pause stod det derfor komfortable 4-0 til vertane.
I andre omgang var det viktig for momentumet å kome godt i gang, og jammen meg til scora Isak sitt fjerde for kvelden med ei flott scoring før fem minutt var spelte av den andre omgangen.
Utover i omgangen vart det litt meir slurv og upresise avleveringar, men bakover heldt forsvaret det tett. I den andre enden fekk Sander Gjerde avslutta eit godt angrep av Hasundgot. Innbytaren avgjorde då kampen med kveldens sjette og siste scoring.
Hasundgots rekkje utan tap held derfor fram, og den satsar vi på held seg også neste veke. Då tek vi imot serieleiar Sæbø. Laget frå Ørsta kommune har alt å spele for, ettersom dei kan sikre seg direkte opprykk med poeng. Dei er uansett sikra kvalik gjennom ei plassering blant topp to.
KAMPFAKTA
6.div, avd. 2
Hasundgot – Moltustranda 6-0 (4-0)
Hasundgot stadion
Ca. 30 tilsk
Dommar: Per Inia Brekke, Hareid IL
Mål: 1-0 Isak Sundgot (4), 2-0 Isak (13), 3-0 Thomas Gjerde (18), 4-0 Isak (24), 5-0 Isak (50), 6-0 Sander Gjerde (72)
Hasundgot (3-5-2): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Ivar Aadland, Marius Muren – Arve Vestnes, Sebastian Kleven, Thomas Gjerde, Nicolai Molvær, Daniel Skeide – Ruben Muren, Isak Sundgot
Innbytarar: Kim Hansen, Svein Eirik Ertesvåg, Mats Bigset, Sander Gjerde, John Olav Hatløy