Sikra sigeren etter dramatisk avslutning

Det er svært tett i toppen av G19 3.divisjon denne hausten, og fire lag kan i teorien vinne serien (sjølv om Godøy ligg svært godt an med tre poeng framfor resten og ein solid målforskjell).

To av dei laga som kjempar i toppen er Stranda og Hasundgot, og dei møttest til duell på Hasundgot stadion måndag kveld.

Dette var den siste heimekampen i år for juniorane, og det var derfor eit klart mål om å sikre seg ein siste siger på heimebane før sesongen vart runda av.

Det var derimot gjestene som kom best i gang. Etter femten minutt glapp det i forsvar, og Stranda tok leiinga 1-0.

Utlikninga kom derimot dryge fem minutt seinare, etter at Isak Sundgot sette ballen sikkert i det nærmaste hjørnet etter eit innlegg frå høgresida.

Det skulle ikkje gå meir enn eit par minutt før Stranda tok leiinga igjen, etter at bortelaget skrudde inn eit frispark.

Sebastian Kleven ville gjere eit preg på kampen i sin aller siste heimekamp i junioralder, og klemde til frå distanse. Ballen skrudde seg inn i lengste, og inn til ny utlikning for Hasundgot!

Stillinga heldt seg til pause, og i garderoben var beskjeden klar; den som ville mest ville vinne kampen.

Sjølv om Stranda scora på nytt tidleg i den andre omgangen, var det Hasundgot som skulle trekkje det lengste strået til slutt. Daniel Skeide vart spelt elegant gjennom på venstrekanten, og avslutta kontant i mål til 3-3.

Etter kvart som kampen drog seg til, vart det mykje å henge fingrane i for dommar Richard Olsen. Stranda fekk nemleg både ein og to spelarar utvist (begge fekk sitt andre gule kort for kvelden). I tillegg fekk vår eigen Sebastian K. også sitt andre gule for kvelden og måtte forlate banen i det som vert ståande som hans siste juniorkamp.

Medan det framleis var 11 mot 10, skulle det også skje saker og ting. Sander Gjerde vart dytta over ende i feltet, og Nicolai Molvær sette inn ei svært viktig 4-3-scoring på straffespark. Sander Gjerde sikra så sigeren på overtid av overtida då han vart spelt gjennom og lobba ballen i målet åleine med keeper.

Ein hektisk kamp, som inneheldt det aller meste!

Då står det berre att éin kamp igjen av årets sesong; borte mot serieleiar Godøy neste måndag. Vi gler oss!!

KAMPFAKTA
G19, 3. div
Hasundgot – Stranda 5-3 (2-2)
Hasundgot stadion
Ca. 15 tilskodarar
Dommar: Richard Olsen, Åmdal
MÅL: Isak Sundgot, Sebastian Kleven, Daniel Skeide, Nicolai Molvær, Sander Gjerde

Laget (4-2-3-1): Sebastian Rogne – Elling Våge, Simon Spjutøy, John Olav Hatløy, Erik Hatløy – Nicolai Molvær, Sebastian Kleven – Martin Gjerde, Isak Sundgot, Daniel Skeide – Sander Gjerde

Innbytarar: Hans Markus Pedersen, Ole-Kristian Voksø, Amund Aglen, Jonatan Dimmen