Ikkje sidan vi tapte nokså forsmedeleg 8-2 mot Sæbø i vår, hadde ikkje Hasundgot tapt ein einaste kamp i haust. Det tok derimot slutt då Sæbø – igjen – var mostandarar.
I årets aller siste seriekamp heldt Hasundgot serieleiaren godt i den første omgangen, men nokre få minutt før pausesignalet glapp det bakover. Ronnie Furset sette inn 1-0 for bortelaget på Hasundgot stadion.
Planen for andre omgang var klar frå vertane; dei skulle vere disiplinerte og unngå å få eit tidleg mål imot slik at Sæbø fekk drepe kampen.
Dessverre gjekk det knappe 30 sekund før det stod 2-0. Og 3-0 var eit faktum eit minutt seinare.
Ein real kalddusj, men Jørgen Kleiven sørgja for ny spenning då han sette kontrollert inn eit innlegg frå vår venstreside.
Det var derimot ikkje kvelden det skulle lukkast for Hasundgot. Like etter reduseringa auka Sæbø leiinga til 4-1, etter at bortelagets Martin Sandbakk stussa inn eit frispark.
Vingback Arve Vestnes skulle derimot sørgje for ei svært viktig scoring på tampen. På overtid stanga veteranen inn 2-4, og sørgja med det for at Hasundgot hamna framfor Gjerdsvika/Larsnes/Gursken på målskilnad! Motstandar Sæbø toppa serien og er klare for 5.divisjon neste år.
Hasundgot avsluttar på si side sesongen på ein nokså respektabel fjerdeplass. I løpet av sesongens 20 kampar enda berre fire av kampane med tap; alle mot laga blant topp tre (Sæbø x2, Åmdal, Bergsøy II).
OBS: Sjølv om det vart tap i siste seriekamp, kan vi glede oss til ei positiv nyheit. Meir om dette i morgon tidleg 🙂
KAMPFAKTA
6.div, avd. 2
Hasundgot – Sæbø 2-4 (0-1)
Hasundgot stadion
Ca. 50 tilsk
Dommar: Dag H. Moldskred, Hareid IL
MÅL: 1-3 Jørgen Kleiven, 2-4 Arve Vestnes
Laget (3-5-2): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Marius Muren – Arve Vestnes, Nicolai Molvær, Sebastian Kleven, Svein Eirik Ertesvåg, Daniel Skeide – Isak Sundgot, Ruben Muren
Innbytarar: Kim Hansen, John Olav Hatløy, Jørgen Kleiven