Fotballsesongen er over for dei aller fleste laga, men i helga var det ei siste avslutning inne i Sønnmørshallen.
Der vart ned nemleg arrangert den årlege Tare-Cupen som fleire lag rundt om på Sunnmøre deltek på kvart år, deriblant Hasundgots J11.
Etter ein kjempeflott utesesong – der det einaste tapet kom mot Hødd – runda J11 av sesongen med å vinne tre av tre kampar på Tare-Cupen.
– Kjekke og treningsvillige jenter, skriv innsendar Hilde Karin H. Storflor til redaksjonen til Hasundgot.no.
Gratulerer med ein strålande innsats på Tare-Cup, jenter!