Dei unge kuppa årets prisutdeling

Fredag 3. november hadde Hasundgot sitt a-lag si årlege avslutning, der sesongen vart runda av med mellom anna talar, utdeling av prisar, kviss, biljardturnering og sosialt lag utover kvelden.

Etter ein betre middag, var det klart for kåring av årets spelar og årets nykomar. Det var fleire gode kandidatar til begge dei to prisane, og det vart jamt i begge kåringane.

Lagets yngstemann, Isak Sundgot, stakk av med tittelen som årets nykomar med 12 røyster. Thomas Gjerde kapra andreplassen med 10 røyster. Dei andre røystene gjekk til Daniel R. Skeide (4) og Ivar Aadland (1).

Kåringa av årets spelar vart endå jamnare. Kaptein Ruben Muren heldt lenge ei solid leiing, men på målstreken sneik ungguten Nicolai H. Molvær seg forbi med sine 10 røyster. Ruben fekk 9 røyster, Joakim Rødven fekk 5 røyster, Sebastian M. Kleven fekk 3 røyster og Simon H. Spjutøy fekk éi røyst.

Lagkapteinen fekk derimot med seg ein pokal heim denne fredagen (eller det var vel strengt talt laurdag til slutt). Både Sebastian og Ruben scora 11 mål kvar denne sesongen, og begge fekk derfor med seg tittelen som årets toppscorar.

I tillegg til spelarane fekk også trenarteamet ei påskjønning denne kvelden. Hovudtrenar Lars Breivik, assistenttrenar Vidar Ertesvåg, fysisk trenar Morten Knutsen og oppmann Idar Brekke fekk alle ei plante kvar, som takk for flott innsats denne sesongen.