Fredag kveld deltok juniorlaget på futsal-KM i Voldahallen, der motstandarlaga var Hødd, Ørsta, Blindheim og Volda.
Hødd, Blindheim og Ørsta spelar til dagleg i 1.divisjon, der Hødd vart kretsmeistrar i år. I tillegg vart Volda seriemeistrar i årets 2.divisjon.
Det var derfor ei svært tøff matching, men gutane gjekk ut av turneringa med hovudet høgt.
I den første kampen vart det eit klart 10-1-tap mot Blindheim, men med litt takiske justeringar vart det i kampane mot Hødd og Ørsta litt jamnare. I dei kampane enda det med høvesvis 5-0 og 6-0, men laget klarte å halde følgje litt lenger enn i kampen mot Blindheim.
Men det er alltid den siste kampen som vert hugsa, og etter scoring av Simon Spjutøy og Isak Sundgot (i kampens aller siste sekund) tok Hasundgot med seg ein veldig kjærkomen siger. Stillinga vart 2-1, som sørgja for at Hasundgot gjekk forbi Volda og kom på 4. plass i ei svært vanskeleg gruppe.
Ein kunne kanskje ikkje forvente å slå lag frå høvesvis 1.- og 2.divisjon, så gutane kan vere stolte over å ha vunne éin av kampane, samt lenge klare å halde følgje med lag som spelar litt raskare og i to divisjonar høgare det vi er vande med til vanleg.