Før kretsstyret i Sunnmøre fotballkrets 20. november var sju dommarar innstilt på å bli autoriserte kretsdommarar frå 2018-sesongen.
Blant desse var det to dommarar frå Søre Sunnmøre, og ein av dei var Hasundgot-dommar Kristian Sundal.
Kretsstyret såg ingen grunn til å seie seg imot innstillinga til dagleg leiar, og vedtok med det oppmodinga om å autorisere Kristian og dei seks andre dommaraspirantane som kretsdommarar.
Kristan er også aktiv fotballspelar som keeper for Hasundgot IL, og har denne sesongen spelt juniorfotball sjølv om han framleis tilhøyrer G16 (som dessverre ikkje klarte å stille lag i år).
Vi gratulerer så mykje med tittelen som kretsdommar, Kristian! 🙂
Alle nye dommarar som vart tildelt status som kretsdommar for 2018-sesongen:
• Adrian Larsen Rønning – Blindheim IL
• Johan Thorseth Molnes – SK Rollon
• Matz Vik Giske – SK Herd
• Kristian Sundal – Hasundgot IL
• Thomas Bergset Mandal – Volda TI
• Thomas Johan Olsvik – SK Rollon
• Saravin Sadasaralingam – Brattvåg IL