Hasundgot ønskjer alle eit godt nytt år!

Det er berre nokre få timar igjen av året 2017, og i det høvet ønskjer Hasundgot Idrettslag å takke for året som har gått.

Spesielt ønskjer vi å rette ei stor takk til alle trenarar, foreldre, oppmenn, eldsjeler og andre pådrivarar som står på kvar einaste dag og gjer det mogeleg for Hasundgot IL å tilby eit så godt tilbod som mogeleg for spelarane i klubben.

Å sjå at alle spelarar gjer sitt aller beste på både trening og i kamp er også svært gledeleg. Vi er stolte over å ha ein så flott gjeng som representerer klubben på ein positiv måte 🙂

I tillegg ønskjer vi å vise vår enorme takksemd for alle som tok turen innom salsboda vår ved Spar Straumane i romjula for å kjøpe fyrverkeri. Alt overskotet går direkte til barne- og ungdomsfotballen i idrettslaget, så vi set veldig stor pris på alle bidrag som har kome desse dagane!

Trimgruppa skal også ha mykje ros for sitt arbeid, som sørgjer for at det også er aktivitetar for medlemmene våre som ikkje er aktive fotballspelarar.

Det same gjeld hovudstyret som tek dei store avgjerdene på vegne av idrettslaget, fotballstyret som sørgjer for at det sportslege rullar og går, økonominemnda som jobbar hardt for å få til dugnadar og inntekter til idrettslaget – og ikkje minst hus og anlegg som vedlikeheld stadionområdet. Ei stor takk til kvar og ein!

Og alt dette hadde sjølvsagt ikkje vore mogeleg utan våre kjære sponsorar som står ved oss i tjukt og tynt. De er alle svært viktige for lokalmiljøet, og vi er takksame for at de er med på laget i Hasundgot IL.

Når vi no går over i 2018 håper vi at alle tek fatt på det nye året med like stor iver og entusiasme som i 2017, og at vi saman kan gjere Hasundgot IL til ein endå betre arena å vere i for både store og små.

Måtte de alle har eit riktig godt nytt år!