Nye trenarar for Hasundgots a-lag

Etter tre år ved roret takkar Lars Breivik av som hovudtrenar for Hasundgots a-lag.

Det er klart etter at Per Gustavsen og Øystein Muren begge signerte ein toårsavtale som trenarar for herrelaget denne veka. Duoen tek dermed over stafettpinnen etter at Lars Breivik har vore hovudtrenar sidan 2015-sesongen.

Per har ei periode bak seg som trenar for A-laget frå tidlegare, men har i seinare år vore engasjert i Hødd saman med nettopp Øystein.

– Hasundgot er veldig godt nøgde med å kunne signere Per og Øystein. Dei har begge mykje fotballkompetanse som vi kjenner godt til og ser fram til å nytte oss av, seier leiar i Hasundgot Fotball, Runar Muren.

– Eg vil også takke Lars for den innsatsen han har gjort for Hasundgot og spesielt A-laget dei siste åra. Lars har vald å trappe litt ned for komande år, men vert nok med i ei rolle rundt A-lag/Junior også for komande sesong, legg Muren til.

– Spanande prosjekt

Per og Øystein ser fram til å gripe fatt på oppgåvene med a-laget, som vil starte opp att med fellestreningar rett etter nyttår.

– Dette vert eit spanande prosjekt, med ei veldig ung gruppe med spelarar samt nokre kontinuitetsbærarar, seier dei to nye trenarane.

– Kva mål har de for dei neste par sesongane?

– Målsettinga er å kjempe om opprykk. Med det omlandet og det anlegget Hasundgot har i dag så er vi ikkje i tvil om at Hasundgot bør i alle fall vere ein klubb i 5.-divisjon. Det bør også vere eit springbrett til klubbar som til dømes Hødd, dersom ein har spelarar som vil satse endå litt høgare, seier den nye trenarduoen, som også legg til at dei ser seg litt rundt i løpet av vinteren etter spelarar som kan forsterke stallen endå eit hakk til neste sesong.

I tillegg til Per og Øystein vil Morten Knutsen vere med vidare som fysisk trenar. Andre ressurspersonar som Vidar Ertesvåg og Lars Breivik vil også ha ei rolle inn mot a-laget.

Hasundgot ønskjer Øystein og Per lukke til med den komande sesongen!