Fekk dommarpåkjønning frå kretsen

På grunn av godt arbeid med dommarar, var Hasundgot éin av fem klubbar i Sunnmøre fotballkrets som fekk ei økonomisk påskjønning for det solide arbeidet med å rekruttere og utvikle dommarar.

Tjørvåg IL var best i klassen av alle dei fem klubbane, og fekk utdelt heile 15.000,- som skal gå til klubben sine lag.

Hasundgot på si side fekk kr 7.500,- i dommarpåskjønning. Vi er godt nøgde med den flotte innsatsen som blir lagt ned i dommararbeidet i Hasundgot IL!

Har du lyst til å bli dommar i Hasundgot? Ta kontakt med Dommaransvarleg, Arnt-Ivar Berg.